Illustrasjon: Besseggen arkitekter
Publisert: 12.01.2024 

Klart for Statens hus i Stad

Statsbygg har leia arbeidet med å samle Politiet, Skatteetaten, NAV og Stad kommune i nye Statens hus i Nordfjordeid. Innflyttinga er eit vellykka pilotprosjekt der målet er å samle offentleg kompetanse under same tak.

– Eg gratulerer Stad kommune med ein merkedag i arbeidet. Kommunen, verksemdene og Statbygg skal ha honnør for eit godt og målretta arbeid, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande:

– Målet med pilot Statens hus er å skape eit større statleg fagmiljø på mindre stader. Denne regjeringa har eit mål om å bidra til å skape vekst og utvikling i heile Noreg. Det er løyva 16 millionar kroner til dette pilotprosjektet. Eg er glad for å sjå at dei statlege etatane og Stad kommune no snart kan flytte inn i Statens hus.

Statsbygg har leia samlokaliseringa saman med Stad kommune som pilotkommune. No er ein leigekontrakt inngått med Sisa Invest AS. I februar neste år kan brukarane flytte inn i eit 1880 kvm stort nybygg sentralt i Nordfjordeid.

– Her står fordelane på rekke og rad! Brukarane får ei større fellesskapskjensle i nye lokale. Areal som blir delt gir økonomiske fordelar. Ikkje minst blir kvardagen lettare for publikum, som no kan kontakte fleire etatar på same stad, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

Mange var interessert i å sikre seg dei statlege leigetakarane. Fleire lokale og regionale tilbydarar var med i konkurransen, og alle gav svært gode tilbod og løysingsforslag.

– Å få til ei samlokalisering av eit sterkt statleg fagmiljø på Nordfjordeid har vore ei hovudmålsetting for piloten Statens hus i Stad. Det har ikkje vore sjølvsagt at vi skulle få dette til, men no er vi der, seier prosjektleiar for piloten og kommunedirektør i Stad, Kristine Dahl:

– Stad kommune vil om kort tid kunne tilby fleksible og attraktive kontorplassar i vår «distriktshub». Dette arealet vil kunne bli ein node for statlege etatar og tilsette i heile landet, som ein lokalpolitisk respons på behovet for ein nyskapande distriktspolitikk

Skal styrke lokal kompetanse

Den vellykka samlokaliseringa starta for nokre år sidan, då Statsbygg fekk i oppdrag av Kommunal- og distriktsdepartementet å bidra i forprosjektet for Statens hus-konseptet.

Målet med konseptet er å bidra til å styrke samarbeidet i kompetanseklynger og eventuelt samlokalisere mindre einingar av statlege etatar i same bu- og arbeidsmarknadsregion. Slik kan ein styrke det offentlege kompetansemiljøet i regionen, og gjere det lettare å behalde og rekruttere kompetanse i dei statlege etatane som finst på stadane.

I 2021 blei fire pilotprosjekt sett i gong i Stad, Orkland, Narvik og Lyngdal. Statsbygg har saman med kommunen leia pilotprosjektet i Stad, medan dei andre har vore leia av dei respektive kommunane. Arbeidet med pilotane skal fortsette ut 2024.

– Det har mykje for seg å samle offentlege etatar på denne måten. Vi håper andre offentlege verksemder rundt om i landet lèt seg inspirere til å vurdere liknande tiltak. For vår del har samlokaliseringa i Stad har gitt oss viktig kunnskap, som vi tek med oss i det vidare arbeidet med å skaffe gode lokale til statlege aktørar, seier Harald Nikolaisen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring