Gro Nesheim frå Studentsamskipnaden (tv), avdelingsdirektør Jennie Bakke i Statsbygg, prosjektleiar Sverre Øgaard i Statsbygg, Haakon Georg Moe ved HVL, Marthe Holmedal frå Studentersamfundet Stord, Grethe Nygård frå Studentersamfundet Stord, Per Steinar Leirvik frå Engelsen Bygg AS og Emilie Haukefær frå Studentersamfundet Stord var alle med på opninga 10. mars. Foto: Høgskulen på Vestlandet
Publisert: 16.03.2022 

Studenthuset på Stord tilgjengeleg for alle

No kan alle vere med på moroa: Med opninga av det nye tilbygget på campus Stord er studenthuset Granheim tilgjengeleg òg for studentar med funksjonsnedsettingar.

– Det er viktig at alle kan bruke bygga våre. Alle skal ha like moglegheiter, og eit studenthus betyr svært mykje for det sosiale samværet når ein studerer. No gleder vi oss til at det blir teke i bruk, sa avdelingsdirektør Jennie Bakke i Statsbygg under den offisielle opninga 10. mars.

Den kvite villaen Granheim stod ferdig i 1921. I nyare tid har den fått ny funksjon som studentane sin samlingsstad på Høgskulen på Vestlandets campus på Stord.

Det nye tilbygget har heis frå gateplan og er kopla saman med villaen frå 1921. Arkitekt: Holon Arkitektur. Foto: Høgskulen på Vestlandet

Inntil no har likevel ikkje huset vore tilgjengeleg for alle. Tidlegare var det opphaldsrom og sittegrupper i 2. etasje, men berre dei som kunne gå opp trappa kom seg dit.

No er desse funksjonane flytta ned til 1. etasje i eit nytt bygg. Det er installert heis frå gateplan i tilbygget. Her er det òg bygd nytt inngangsparti. Den nye og den gamle bygningen er kopla saman via ei glasbru.

Uteområda er òg blitt universelt utforma, blant anna med ein gangsti ut på baksida som bind uteområda saman. Ettersom både Granheim og uteområda er verna, er prosjektet utvikla i tett dialog med lokale vernemyndigheiter og kulturminnerådgivarar i Statsbygg.

Bygginga starta i desember 2020. Prosjektet stod ferdig til semesterstart i fjor haust, men sjølve opninga blei utsett på grunn av pandemien.

Granheim er den 14. bygningen på campus Stord som Statsbygg sørger for at blir universelt uforma. Statsbygg sitt mål er at alle Statsbyggs bygningar der folk arbeider, eller som er opne for publikum, skal vere universelt utforma innan 2025.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring