Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik klipte snora under den offisielle opninga tysdag 23. august saman med statsforvaltar Elisabeth Vik Aspaker. Foto: Jan Harald Tomassens
Publisert: 24.08.2022 

Opna Statens hus i Vadsø

Hovudsetet til Statsforvaltaren i Troms og Finnmark er eit landemerke i Vadsø. Etter to års rehabilitering har det no fått moderne kontorlokale med klimavennlege løysingar.

– Statens hus er eit godt eksempel på korleis ein gjennom gjenbruk kan redusere klimagassutslepp. I tillegg bevarer vi òg eit viktig kulturminne frå gjenreisinga av Finnmark, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, som stod for den offisielle opninga tysdag 23. august.

Statens hus stod ferdig i 1963. Som eit symbol på statens vekst i etterkrigstida er det eit landemerke i Vadsø. Bygningen sin arkitektur er karakteristisk for samtida si og har høg arkitektonisk kvalitet.

– Det mest klimavennlege vi kan gjere, er å bruke bygningane vi allereie har i staden for å bygge nye. Å rehabilitere 59 år gamle Statens hus til ny bruk er eit godt eksempel på dette, seier byggherredirektør Marius Tunstad i Statsbygg.

Alt revet og skifta ut

I rehabiliteringa er alt innvendig rive ned. Inventaret er bygd opp att i moderne stil med fleire kontorlandskap, multirom og sosiale soner. Det er lagt til rette for ein aktivitetsbasert arbeidsplass.

Fasaden til Statens hus er freda. Alle avgjerder når det gjeld rehabilitering er gjort i dialog med Riksantikvaren og Troms og Finnmark fylkeskommune.

Hovudtrapperommet er òg vernet. Det er delvis ført tilbake blant anna med fargebruk. Taket og vindauga er skifta ut, og dei grøne fasadeplatene er ført tilbake. Dei opphavlege vindaugskarmane av teak er erstatta med det meir miljøvennlege materialet accoya, som er acetylert furu fritt for miljøgifter.

Den samiske og kvenske kulturen har fått plass i prosjektet og bli spegla i fargebruk, spesialdesign og utsmykking. Rehabiliteringa har hatt ei kostnadsramme på 158 millionar kroner.

– Dette er ein gledesdag og eit tydeleg signal om framleis statleg nærvær lengst nord. Det er òg ein milepæl for embetet at vi endeleg kan tilby våre tilsette i Vadsø tidsriktige arbeidsplassar som tilfredsstiller krava til helse, miljø og sikkerheit, seier statsforvaltar Elisabeth Vik Aspaker.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring