Potensialet for klimakutt frå byggje- og anleggsplassar er stor, Trondheim kommune satsar stort og får Klimasats-støtte til fleire prosjekt. Her fem tilsette i klima- og miljøeininga til kommunen: Tom Jensen (frå venstre), Tanja Brenne, Jens Tønnesen, Mie Abelgaard og Erlend Barlaup. Foto: Courtney Killion/Trondheim kommune
Publisert: 14.08.2023 

Kommunar kuttar klimagassar med Klimasats-støtte

Klimasats deler ut nesten 200 millionar kroner til 164-prosjekt i Noregs kommunar og fylke for å kutte utslepp av klimagassar.

– Kommunar og fylkeskommunar har stor påverking på både arealbruk og utslepp. Dei legg ned ein stor innsats for å få ned utsleppa av klimagassar. Saman skal  vi nå klimamåla våre, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Klimasats skal bidra til å redusere utslepp av klimagassar i kommunar og fylkeskommunar. Kriteria for å få støtte er at tiltaka gir utsleppskutt eller meir langsiktig omstilling som bidreg til å gjere Noreg til eit lågutsleppssamfunn. Mange prosjekt bidreg til begge delar.

Auka Klimasats-pott i revidert budsjett

Miljødirektoratet fekk i år 279 Klimasats-søknader frå kommunar og fylke fór til saman 356 millionar kroner innan søknadsfristen 1. mars.

Opphavleg var det sett av 100 millionar kroner i statsbudsjettet til Klimasats. I revidert nasjonalbudsjett vart det sett av 100 millionar kroner til.

– Kommunane er avgjerande for at vi skal nå nasjonale klimamål og internasjonale forpliktingar fram mot 2030. Klimasats-støtta gjer at kommunar og fylkeskommunar endrar praksis og tek nye løysingar i bruk. Meir pengar gjer at vi støttar endå fleire og aukar ein del av støttesummane. Det gir endå meir klimakutt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Sjå klimatiltak i kommunen din

  • Miljødirektoratet har no fordelt 181 millionar kroner av potten på 200 millionar kroner på 158 kommuneprosjekt i alle fylka i landet. Dei involverer minst 100 kommunar og fylkeskommunar
  • 10 søknader står att. Det ligg an til at 164 prosjekt får til saman 197 millionar kroner til klimatiltak. Dette kan endre seg noko når dei siste søknadene blir behandla i august og september.
  • Kommune-prosjekt som får Klimasats-støtte i 2023

Mindre utslepp med Klimasats

Miljødirektoratet forventar at Klimasats-tildelingane i år gir tellbar klimagassreduksjon på minst 100 000 tonn CO2-ekvivalentar. Dette svarer til utslepp frå 50 000 bensinbilar i eitt år.

I tillegg  gir midlane reduserte utslepp som følgje av klimavennleg arealplanlegging, meir sirkulær økonomi, forprosjekt, betre klimaleiing, med meir. Klimasats-prosjekta resulterer også i stor omstillingseffekt og ny klimakunnskap til kommunane.

Estimatet på forventa utsleppskuttet byggjer på erfaringar frå tidlegare Klimasats-prosjekt. Det omfattar tiltak der klimaeffekten lett kan teljast, som elektrifisering av maskiner i bygg- og anleggsprosjekt, gå frå gass og diesel til fornybare energikjelder og reduksjon av matsvinn i kommunane.

Effektar av tidlegare Klimasats-tildelingar er samanfatta i ei effektevaluering som vart publisert i juni i 2023: Klimasats gir utsleppskutt og grøn omstilling

Kutter utslepp frå vatn- og avløp

I år kuttar mange kommunar utslepp frå gravearbeida når dei fornyar vass- og avløpsleidningar. Klimasats deler ut    48 millionar  kroner til 18 utsleppsfrie byggje- og anleggsplassar.

Tradisjonelt er det mykje gravearbeid i grøfter med store anleggsmaskiner. Kommunane får  pengar til meir skånsame metodar, som gravefrie løysingar  med mindre maskinbruk og utsleppsfrie maskiner.

God arealplanlegging gir mindre klimagassar

Det er mange måtar kommunane kan ta omsyn til klimagassutslepp i arealplanlegginga. Til dømes ikkje å byggje ned karbonrike areal, planleggje for effektiv arealbruk og tilstrekkeleg energi og leggje til rette for klimavennlege transportmåtar.

Kommunane får 11,3 millionar kroner til 28 prosjekt for å styrkje klimaomsynet i arealplanlegging på land og i sjø.

Fleire kommunar vil ha grønare innkjøp

Ved at kommunane stiller miljø- og klimakrav når dei kjøper varer og tenester, kan dei bidra til å påverke og utvikle klimavennlege løysingar i marknaden.

Kommunane får  29 millionar kroner i Klimasats-tilskot til 19 prosjekt med høgare miljø- og klimakrav. Basert på tidlegare erfaringstal kan dette gi grønare innkjøp i kommunane verd 400–800 millionar kroner.

Utsleppsfrie anleggsmaskiner i Trondheim

Trondheim kommune får støtte til meirkostnader ved bruk av utsleppsfrie anleggsmaskiner til ei rekkje prosjekt.

Potensialet for klimakutt frå byggje- og anleggsplassar er stor. Bruk av utsleppsfrie anleggsmaskiner bidreg til auka erfaring og utbreiing av utsleppsfrie løysingar og lågare kostnader på sikt.

At kommunen etterspør utsleppsfri byggje- og anleggsplass i fleire ulike prosjekt, gir ytterlegare etterspurnad, erfaring og kompetanse til anleggsbransjen i regionen og til kommunen som innkjøper.

Fakta om Klimasats:
  • Støtteordning for klimatiltak i kommunane, oppretta i 2016, for å bidra til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppssamfunnet.
  • Støtta skal vere utløysande for at tiltaka blir gjennomførte, og kommunen må ha eigeninnsats.
  • Kommunar, fylkeskommunar og enkelte kommunale føretak kan søkje om tilskot, saman eller kvar for seg.
  • Miljødirektoratet deler resultat og erfaringar frå prosjekta gjennom webinar, klimapodkast for kommunane, rettleiing på nett og fysiske og digitale samlingar.
  • Klimasats-ordninga støttar  ikkje tiltak til klimatilpassing. Miljødirektoratet har ei eiga tilskotsordning for dette.
  • Meir om Klimasats
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring