Foto: Nora Håskjold
Publisert: 03.04.2024 

Bustader der du kan feste røter vinn Statsbygg-pris

Statsbygg sin studentpris for arkitektur 2023 går til Nora Håskjold og Magnus Gjesdal ved Bergen arkitekthøgskole. Med eit bufellesskap for flyktningar, studentar og eldre i Kristiansund tenker vinnaroppgåva nytt rundt integrering og inkludering.

– Oppgåva tek for seg ei svært aktuell problemstilling. Vinnarane set seg høge mål med eit bufellesskap, som kan føre menneske med ulik bakgrunn saman, seier jurymedlem og sjefsarkitekt i Statsbygg, Synnøve Haugen.

Sidan 2008 har Statsbygg delt ut studentprisen for arkitektur til eksperimentelle og nyskapande studentprosjekt på masternivå. Vinnaren får heider, ære og 20 000 kroner.

Underdirektør Hege Eeg i Statsbygg (tv) delte ut prisen til Nora Håskjold saman med BAS-rektor Emma Nilsson. Foto: Magnus Gjesdal

Oppgåva «Rotlaus, mot eit rotfeste» ser for seg moglegheitene i eit gammalt industriområde i Kristiansund. Her foreslår studentane bustader for fire like store grupper: flyktningar, studentar, eldre og ein siste del som skal vere tilgjengeleg for alle.

Bufellesskapet er organisert slik at når du signerer ein leigekontrakt, får du ein meny med ulike oppgåver du kan bidra med. Vedlikehaldsarbeidet i og rundt bustadene vil skape tilhøyrsel og fellesskapskjensle. Kommunen er tenkt som tomteeigar og samarbeidspart.

Det blir lagt vekt på ei fordeling mellom private, felles og offentlege areal. Det er òg planlagt ein kafé. Fleksibilitet og moglegheit for justering av leilegheitsstørrelsar legg til rette for alt frå større barnefamiliar og studentkollektiv til einslege eldre.

Bygningane er tenkte som enkle konstruksjonar. Bebuarane vil sjølv kunne velje enkelte løysingar og fargar frå ein fargepalett. Kledninga er festa til rammer som kan skiftast ut, noko studentane meiner vil gjere vedlikehald enkelt.

Juryen påpeikar at det er gjort eit grundig og truverdig forarbeid med studiar av relevante referanseprosjekt, feltarbeid og intervju med relevante ekspertar og brukargrupper i nærområdet.

– Vi er imponert over engasjementet og arbeidet som er lagt ned. Oppgåva viser ein medvit rundt arkitekten si rolle, ikkje berre som formgivar, men òg som prosessleiar i samfunnet. Det arkitektoniske uttrykket er tydeleg og klart. Sjølvbyggarbustadene er løyst med gode og logiske romløysingar, og med fleksible fellesareal der dei forskjellige bebuargruppene kan møtast og etablere ønskte aktivitetar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring