STORTRIVST: Julie Tresvik Johansen starta i Statsbygg i fjor. Foto: Statsbygg
Publisert: 09.03.2022 

Tek greip for å auke kvinneandelen

Statsbygg vil tilsette fleire kvinner til den daglege drifta av bygningane sine. Som ansvarleg for UDs bygningar i Oslo har Julie Tresvik Johansen (28) tru på at tiltaka vil virke.

– Det er artig å vere kvinne i driftsavdelinga! Det er ikkje så mange av oss, og ikkje alle der ute forventar at det er meg dei skal møte når ein jobb skal gjerast, seier Julie Tresvik Johansen.

Ho starta i Statsbygg i fjor og stortrivst i teamet som driftar Victoria terrasse og dei andre eigedommane til Utanriksdepartementet i Oslo. Driftsavdelinga er Statsbyggs største. Her har totalt 332 tilsette frå nord til sør det daglege tilsynet med Statsbyggs 2300 bygningar, og gjer det som skal til for å halde dei i operativ drift.

Statsbygg har ein god kjønnsbalanse i så vel toppleiinga som nesten alle andre avdelingar. Unntaket er driftsavdelinga der berre 38 av dei 332 byggdrivarane er kvinner.

Dette ønsker Statsbygg å gjere noko med. Det seinaste året har ei gruppe sett nærare på korleis ein kan bli ein meir attraktiv arbeidsgivar for kvinner innan byggdriftsfaget. Gruppa, som har bestått av både tillitsvalde og representantar frå driftsavdelinga, har utarbeidd ei rekke tiltak, som blant anna:

  • Opne opp for større breidde i kompetansebakgrunn.
  • Auke talet stillingar med krav om ingeniørutdanning i staden for fagbrev, sidan det er fleire kvinner som har ingeniørutdanning enn fagbrev.
  • Profilere kvinnene i tekniske stillingar, slik at kvinner vurderer f.eks. byggdrivarfag og Statsbygg som lærebedrift.

– Det er veldig positivt at vi jobbar for å få fleire kvinner inn i yrket, og eg synest ein er inne på nokre gode punkt her. Sjølv har eg veldig god nytte av fagbrevet mitt i denne jobben, og tenker vi kanskje òg kan sjå nærare på kvifor ikkje fleire kvinner tek fagbrev. Vi har bruk for både kvinner med fagbrev, ingeniørbakgrunn og dei med begge deler, seier Julie Tresvik Johansen.

Ho meiner òg det må jobbast med å få vekk litt av «vaktmeister»-stempelet ho meiner hengar igjen og er assosiert med byggdrift:

– For vaktmeistrar er vi verkeleg ikkje! I tillegg trur eg vi må på banen enda tidlegare. Vi må møte dei unge når dei skal velje karriere. Skal du få jentene inn i byggdrift, så må du vere der når dei skal velje mellom teknisk fag og andre linjer. Viss vi ventar til dei har valt har dei allereie sett seg ut ei retning, som ikkje nødvendigvis er vår. Nokon må fortelje jentene på ungdomsskolen og vidaregåande at tekniske fag er for jenter!

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring