Foto: Magent
Publisert: 06.09.2023 

Statsbygg sel Justisbygget i Drammen

Nå sel Statsbygg bygningen, som inntil nyleg huste tingretten og fengselet i Drammen. Åtte etasjar sentralt i byen gjer dette til ei sjeldan utviklingsmoglegheit.

– Det går lenge mellom kvar gong det dukkar opp ei moglegheit som dette i ein av Noregs største byer. Vi ser for oss at eigedommen vil vere godt eigna til både kontor og bustad. Det er òg eit spennande potensial for nybygg i bakgarden, seier eigedomsdirektør Elin Karfjell i Statsbygg.

Den historiske bygningen er frå 1962. Foto: Magent

Det har lenge vore behov for nye rettslokale i Drammen. I fjor starta Statsbygg bygginga av eit nytt tinghus, og i sommar opna det. Ettersom fengselet i tillegg har flytta ut, har ikkje staten lenger behov for det gamle Justisbygget.

Den historiske bygningen frå 1962 ligg sentralt i Drammen på nordsida av Drammenselva, kor ein finn CC Drammen, fleire parkar og Bragernes torg med fleire spisestadar. Den attraktive plasseringa er berre ein kort gåtur frå Drammen stasjon.

Den eksisterande bygningsmassen på 8664 m2 BTA består av ei høgblokk på åtte etasjar, som er kopla saman med ei lågare blokk, i tillegg til ei sideblokk. Høgblokka og tingrettsdelen er verna etter plan- og bygningslova.

Etter at prospektet blir gjort tilgjengeleg denne veka, planlegg Statsbygg visningar i veke 38–39 og oppstart av bodforhandlingar i veke 42. Meklar er Akershus Eiendom.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring