Administrerande direktør Liv Dingsør (tv) i Digital Norway får no med seg administrerande direktør Harald Nikolaisen og direktør for digitalisering og utvikling, Cathrine Mørch, i Statsbygg på laget. Foto: Statsbygg
Publisert: 22.08.2023 

Statsbygg går inn som eigar i Digital Norway

Byggebransjen heng etter når det kjem til digitalisering. For å auke innovasjonstakten går Statsbygg no inn som ny eigar i Digital Norway.

– Kvifor kan vi ikkje 3D-printe bygningar i Noreg? Korleis kan vi sikre saumlaus, digital informasjonsflyt gjennom livsløpet til ei bygning? Korleis sikre kontinuerleg læring og forbetring frå prosjekt til prosjekt og mellom aktørar effektivt, spør direktør for digitalisering og utvikling i Statsbygg, Cathrine Mørch.

For å auke innovasjonstakten og styrke digitaliseringa i byggebransjen, går Statsbygg no inn som ny eigar i Digital Norway. Frå før av har non-profit-organisasjonen allereie eigarar og samarbeidspartnarar innan sektorar som samferdsel, energi, bank og finans.

Mørch er overtydd om at dette er bransjar, som trass i ulikskapar deler mange av dei same utfordringane og sit i mange av dei same situasjonane:

– For eksempel trur eg Statsbygg kan ha mykje å lære av saumlause transaksjonar i bankindustrien. Det er det openbert noko som skjer i infrastrukturen, som det kan vere interessant for byggenæringa å forstå. Vi må lære av andre industriar, som er meir høgteknologisk tilpassa. Derfor er Digital Norway ein stad for oss å forstå, lære og bli kjent med andre.

Vil påverke bransjen

Liv Dingsør, administrerande direktør i Digital Norway, har store forventningar til samarbeidet med Statsbygg.

– Statsbygg bygger og forvaltar ein enorm bygningsmasse på vegner av staten Noreg. Det er eit stort ansvar og eit spennande mandat, som vi gleder oss til å få meir innsikt i og lære av. Det er òg interessant å høyre om korleis Statsbygg ønsker å dra nytte av kunnskap frå andre bransjar, seier ho.

Gevinstane av digitalisering i byggebransjen er potensielt store. Ifølge Byggenæringens Landsforening si strategiutvikling «Digitalt Veikart» kan ein meir datadriven byggebransje kutte klimagassutslepp med 50 prosent, sjå ein kostnadsreduksjon på 33 prosent og bidra til 50 prosent raskare prosjektgjennomføring.

– Som byggherre har vi gjennom rolla vår som bestiller makt til å påverke heile byggebransjen gjennom krava vi stiller til leverandørar, og slik sett kan vi skape nye standardar. Vi skal vere ein påverkar og utviklar av heile næringa, seier administrerande direktør Harald Vaagaasar Nikolaisen i Statsbygg.

Nettopp dette trekker Liv Dingsør i Digital Noreg fram som unikt:

– Digitalisering handlar i stor grad om systemdesign. Men det finst veldig få bransjar der ein kan peike på ein heilskapleg eigar. Med Statsbygg har vi ein aktør som kan ta eit systemisk ansvar for ei verdikjede, seier ho.

Bildeattkjenning og dronar

Sjølv om byggebransjen blir sagt å vere blant dei minst digitaliserte bransjane, understrekar partane at det langt frå betyr at bransjen er heilt analog. Snarare tvert imot:

I Statsbygg blir bygningar visualisert i VR, og borerobotar blir tekne i bruk på byggeplassen. Det blir samarbeidd med forskingsmiljø og oppstartsbedrifter om ei heil rekke nye løysingar, blant anna for å predikere utfall av grunnundersøkingar.

innovasjonsprosjektet ByggBOKS eksperimenterer Statsbygg med pilotar og nye idear. I vår blei det blant anna testa ut om skadar på tak og fasadar kan oppdagast ved hjelp av dronar, bildeattkjenning og kunstig intelligens.

– I framtida skal vi fortsette å gjere dataene våre tilgjengelege for fleire, og investere i og prioritere ny teknologi. Vi skal ikkje nødvendigvis bli Google, men innanfor enkelte område skal vi pushe litt. Openbert innanfor klima, i tillegg til å akselerere innovasjonstakten i bransjen, avsluttar Mørch.

Digital Norway:

Non-profit-organisasjon starta i 2017 av 15 næringslivsaktørar, for å få fart på digitaliseringa av norsk næringsliv.

Statsbygg blir no den 18. eigaren saman med leiande aktørar som blant anna DNB, Equinor, NRK, Telenor, Posten og Statens vegvesen.

Rettar seg særleg mot små og mellomstore bedrifter.

Jobbar med å sikre bedrifter og tilsette tilgang til kunnskap og nettverk dei treng i ei digital verd gjennom å tilby gratis kurs, læringsreiser, webinar og digitale møteplassar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring