Publisert: 12.12.2018 

Slik blir det nye mediehuset i Volda

«EXPO» vann konkurransen om nybygg for mediefag ved Høgskulen i Volda (HVO). Bak forslaget står totalentreprenøren PEAB / K Nordang...

«EXPO» vann konkurransen om nybygg for mediefag ved Høgskulen i Volda (HVO).

Bak forslaget står totalentreprenøren PEAB / K Nordang AS. Fire løysingsforslag med pristilbod blei leverte til Statsbygg 5. september

Eit utval, sett saman av representantar frå HVO og Statsbygg, med eksternt innleigd leiar, har evaluert løysingsforslaga og grunngir valet mellom anna med dette:

"EXPO» tek på ein svært god måte vare på funksjonalitet, lesbarheit og løysing i høve krav til nærleik mellom viktige mediefunksjonar. Bygget står fram som fleksibelt med faste repetisjonar, god takhøgde og god plass til nye føringsvegar. Generaliteten vert teken vare på av rominndeling og takhøgde der romma kan takast i bruk til andre føremål. Viktige mediefunksjonar er plasserte langs glasfasadane som vender mot Joplassvegen. Denne løysinga svarar godt til å gjere aktivitetar synlege utanfrå".

Totalentreprenøren har med seg eit team som består av arkitektar frå Link arkitektur og rådgivarar frå Cowi på akustikk, ECT på elektro, Norconsult på systematisk ferdigstilling og livssyklusanalysar og ART på prosjekteringsleiing.

Styrevedtak i desember

Statsbygg har med dette fullført oppdraget sitt frå HVO om å utvikle eit skisseprosjekt for nytt mediebygg og lokalisere det på campus. Det er gjort gjennom tomtelokaliseringsanalysar, romprogram, funksjonsbeskriving, teknisk kravspesifikasjon og anbodskonkurranse for totalentreprise med løysingsforslag.

Statsbygg skal vere byggherre og seinare eigar av bygningen, som skal leigast ut til HVO. Styret ved høgskulen har vedteke at prosjektet skal vidareførast. Statsbygg vil no inngå kontrakt med totalentreprenør og gjere løysingsforslaget om til eit forprosjekt.

Parallelt med utvikling av forprosjekt må eit regjeringsvedtak vere klart. Får prosjektet klarsignal, er det venta at nybygget er klart til innflytting tidlig i 1. kvartal 2021.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring