God mat og god stemning på kranselaget på Livsvitskapsbygget ved Blindern i Oslo. Foto: Statsbygg
Publisert: 03.06.2024 

Kranselag på Statsbyggs største bygg

Det var duka for storslått fest for bygningsarbeidarane på Statsbyggs største bygg under feiringa av ferdigstøypt tak på Livsvitskapsbygget. Rundt 700 personar var samla til kranselag på byggeplassen.

Arbeidslaget frå HENT, som har støypt råbygget, blei hylla av alle dei frammøtte frå byggeprosjektet med musikk, trampeklapp og bølga. Under markeringa onsdag 29. mai takka prosjektdirektør Per Roger Johansen i Statsbygg alle for godt utført arbeid, og presiserte samtidig kor viktig det er med sikkerheit på byggeplassen.

– Vi kan vere stolte av å ha ferdigstilt grunnarbeidet og heile råbygget på nesten 100 000 kvadratmeter, i tillegg til store delar av taket og fasaden, sa Johansen:

– Vi har hatt stort fokus på sikkerheit heile vegen, noko som har gitt gode resultat. Det skal vi vidareføre når vi ferdigstiller innreiinga i bygget.

Prosjektleiar for råbygg og fasade i HENT, Torgeir Lonar, la vekt på størrelsen i arbeidet som er utført så langt. Då siste støyp var ferdig, var det gått med 60 000 kubikkmeter lågkarbonbetong og 7 millionar kilo armeringsjern, like mykje jern som i Eiffeltårnet. På det meste var det meir enn 100 betongarbeidarar i gong, frå 40 ulike nasjonar.

Det blei servert pølser og hamburgarar frå grillen, med kake og kaffi til dessert. Etter talar og servering fekk alle med seg ei lita gåve på veg tilbake til byggeplassen. Markeringa følger ein lang tradisjon i Statsbygg med å arrangere kranselag for store byggeprosjekt, ein tradisjon som går heilt tilbake til 1600-talet i delar av Europa.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring