Vil du vere med å forme elektroinstallasjonar for framtida?
I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Elektromiljøet i Norconsult jobbar målretta med planlegging av smarte løysningar for bygg, samferdsel og industri.
Norconsult har Norges desidert største fagmiljø innan rådgjeving og prosjektering av elektrotekniske anlegg med over 450 kompetente elektrorådgjevarar på landsbasis. Vi tilbyr komplette tenester innen elektrorådgjeving; frå moglegheitsstudiar og prosjektering til oppfølging under bygging.
Vi ser etter deg som ønskjer å vere med og byggje opp eit elektro-miljø i Sogn og Fjordane i tillegg til å vidareutvikle deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til andre medarbeidarar. Du vil få ei sentral rolle i eitt tverrfagleg rådgjevarmiljø, med høg fagleg kompetanse og samarbeid på tvers av våre kontor og regionar.
Bli med å jobbe for ein meir berekraftig bygg og eigedomsbransje!
Vi jobbar med både eksisterende og nye bygg med prosjektering og rådgjeving innan elektroteknikk, EKOM og automasjon i bygg, med fokus på berekraftige og energieffektive løysingar. Oppdraga varierer over eit breidt spekter av prosjekt innan t.d. næringsbygg, undervisning, helse og omsorgsbygg, hotell, idrettsanlegg og parkeringsanlegg inkludert ladeanlegg for el-bilar.
Kandidater med erfaring frå industri og/eller samferdsle er også velkomne til å søke. Hos oss kan du vere med å utvikle berekraftige samferdsels- og industriløysingar for framtida – vi prosjekterer elektrotekniske anlegg for alt frå veg, bane og lufthamn til grøn industri og energigassar. Med sterk kompetanse innan elektrifisering og automatisering bidreg vi i alle fasar av prosjekt, frå tungindustri til farmasi og fornybar energi.
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 90 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, VVS, elektro, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, akustikk, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Vi søkjer etter dyktig og erfaren sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.
Vi set pris på om du:
Kvalifikasjonar:
Hjå oss får du:
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Kontaktpersonar for stillinga:
Sunnfjord: gruppleiar tekniske system og akustikk Lene Beate F. Dingsøyr, [email protected], tlf. 99503851, eller
Sogndal: gruppeleiar Tekniske system Jan Sølve Haugen, [email protected], tlf. 99547941
Årdal: avdelingsleiar Robert Sandvik, [email protected], tlf 91716211
Nordfjord: Avd. leiar: Katrine Solheim, [email protected], tlf 90751841
Norconsult
Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 7 200 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. fjerde kvartal 2025).
For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.