No blir det støypt i etasjane under bakken. Blokka vil i alt får 11 etasjar. Foto: Statsbygg
Publisert: 03.06.2022 

I gang med A-blokka

Statsbygg er i gang med bygginga av A-blokka i regjeringskvartalet. I første omgang er det snakk om støypearbeider i etasjane under bakken.

Frå februar 2023 startar arbeida frå bakkeplan og oppover. Når han står ferdig i 2025 vil A-blokka strekke seg over 11 etasjar og få ein særeigen profil.

Bygningen er forma for å gi gode sol- og vindforhold og klare siktelinjer. Totalt skal det byggast 17.300 kvadratmeter over bakken.

Publikumskafé

Ein av regjeringskvartalets to hovudinngangar vil ligge i A-blokka knytt til eit flott og høgreist atrium. I tillegg til kontorlokale vil bygninga òg innehalde ein publikumskafé, presse- og konferansesenter, eit auditorium og representative areal.

– Saman med G-blokka og H-blokka vil A-blokka vere frontbygningane i det nye regjeringskvartalet. Dette er tidstypiske bygningar som òg er ei forteljing om landet vårt, seier prosjektdirektør Knut Jørgensen i Statsbygg.

G-blokka frå 1906 representerer eit ferskt Noreg etter unionsoppløysinga med Sverige, Høgblokka frå 1958 er ein del av den sosialdemokratiske gjenreisinga etter krigen, mens A-blokka (2025) står for det moderne Noreg.

Stor aktivitet

Med oppstart av A-blokka er alle dei største delprosjekta som Statsbygg har ansvar for i byggetrinn 1, sett i gang.

– Forutan A-blokka er det bygging av kjellar og D-blokka, rehabiliteringa av Høgblokka og opparbeiding av byrom, fortel Jørgensen.

Byggtrinn 1, som er det største, blei godkjent av Stortinget i desember 2020 og hadde fysisk oppstart i januar 2021.

– Det er stor aktivitet innanfor byggegjerdet for tida for å gjenreise regjeringskvartalet. Til dømes er det doble skift i arbeida med A-blokka, seier prosjektdirektøren.

Samspel

Som med dei andre kontraktane i regjeringskvartalprosjektet gjennomførast bygginga av A-blokka med ein såkalla samspelskontrakt mellom dei involverte partane. For A-blokka er Statsbygg byggherre og Hent entreprenør, medan Team Urbis står for prosjekterande arkitektar og ingeniørar.

Hent har henta inn betongfirmaet Stenseth & RS til støypearbeida i underetasjane av A-blokka.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring