Foto: Trond Isaksen
Emner
Publisert
18.feb.2021

Har spart 900 millionar på Agder fengsel

Nye Agder fengsel kosta 900 millionar kroner mindre enn kostnadsramma. Standardiserte byggeløysingar gjer at kvart femte norske fengsel no i praksis er gratis samanlikna med tidlegare.

I sommar opna nye Agder fengsel. Med 100 soningsplassar i Mandal og 200 i Froland er det landets største fengsel med høgt sikkerheitsnivå.

Den totale kostnadsramma for Agder fengsel var på om lag 2 milliardar kroner. No som prosjektet er ferdig, viser resultatet at det enda opp med å koste langt mindre.

– Nye Agder fengsel markerer eit viktig løft for norsk kriminalomsorg. Moderne fengselsbygg gir betre forhold for både innsette og tilsette og legg til rette for eit godt innhald i soninga. At vi i tillegg kan bygge raskare og rimelegare, gjer dette til eit veldig godt prosjekt, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

– Nye Agder fengsel kosta heile 900 millionar kroner mindre enn kostnadsramma. Det er fleire grunnar til innsparingane, men standardiseringa av fengsel har vore eit viktig bidrag som vi bør lære av og ta med oss inn i andre typar byggeprosjekt, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Frå 10 til fire år

Då Statsbygg overtok ansvaret for norske fengselseigedommar i 2009, sette ein seg ned med Kriminalomsorga for å finne ut korleis ein kunne bygge raskare og rimelegare, men med like god kvalitet.

– Tidlegare kunne det ta opp mot 10 år å utvikle og bygge eit nytt fengsel. I Agder tok det rundt fire år frå regjeringa vedtok å bygge til dei innsette flytta inn, seier administrerande direktør i Statsbygg Harald Nikolaisen.

Delar av suksessoppskrifta for prosjektet er ein funksjons- og arealrettleiar for fengselsbygg, som Statsbygg og Kriminalomsorga har utarbeidd i fellesskap.

Med standardiserte krav til areal og funksjonar beskriv han korleis alt frå celler til uteareal, petimetersikring, vaktrom, fellesområde, kjøkken og andre rom kan byggast med ulike valalternativ. Det gjer det lettare å gjenbruke gode løysingar, noko som igjen sparer tid og pengar.

– Erfaringane viser at rettleiaren kan tilpassast. Løysingane kan brukast på alt frå store, nye fengsel til mindre ombyggingar og utvidingar av gamle fengsel. Det gir oss raskare planlegging, enklare brukarprosessar, fleire parallelle prosessar og forkorta byggetid. Vi sparer så mykje tid og pengar med denne metoden at kvart femte fengsel no i praksis er gratis samanlikna med tidlegare, seier Nikolaisen.

Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring