Statsbyggs eigedomsdirektør Elin Karfjell. Foto: UiS/Kjersti Riiber
Publisert: 24.01.2024 

Grunnstein for grøn energiløysing

Statsbygg sin nye energisentral på Campus Ullandhaug vil redusere universitetet sitt klimagassutslepp knytt til energiforbruk med 80 prosent. No er grunnsteinen ved Universitetet i Stavanger lagt ned.

– Grønt er skjønt! Rene energikjelder til ventilasjon, oppvarming og kjøling er eit viktig klimatiltak. Med denne sentralen får Universitetet i Stavanger ei framtidsretta løysing, som dei vil nyte godt av i mange år framover, sa Statsbyggs eigedomsdirektør Elin Karfjell under grunnsteinsseremonien tysdag formiddag.

Nybygget på 2000 kvm over fire etasjar er no under oppføring med planlagt tett bygg i februar. Prosjektet blir etter planen ferdigstilt mot slutten av året.

Så langt har Statsbygg bora ca. 100 energibrønnar tilknytt bergvarmepumper rundt om på campus. Enno skal det borast 20 til.

Brønnane og den nye energisentralen skal erstatte løysinga universitetet har i dag for oppvarming og kjøling. I dag blir varmebehovet dekt av eldre elektriske kjelar, med hjelp av fossil gass når det trengst. På sommaren klarer ikkje anlegga å kjøle ned temperaturen til ønskte nivå.

I tillegg til den store reduksjonen av klimagassutslepp har Statsbygg berekna at den nye sentralen vil redusere straumforbruket til varme- og kjøleløysingar med over 60 prosent. Sentralen blir bygd med ein kapasitet som òg kan forsyne ein planlagt utviding av bygningsmassen på campus. Han vil òg styrke universitetet si forsking på bergvarme.

– Systemet fungerer som ein kva som helst varmepumpe som mange har heime, men her hentar vi varme frå grunnen vinterstid og ladar brønnene med overskotsvarme sommarstid, forklarte Karfjell.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring