Illustrasjon: HENT AS
Publisert: 08.04.2021 

Dette er vinnaren av Blått bygg-konkurransen

Statsbygg har valt HENT AS sitt løysingsforslag til den nye satsinga ved Nord universitet i Bodø.

– Vi er godt fornøgde med vinnarforslaget. No gler vi oss til å utvikle det vidare saman med HENT og Nord Universitet, seier byggherredirektør Marius Tunstad i Statsbygg.

Løysingsforslaget til HENT var eitt av to som vart leverte i anbodskonkurransen for Blått bygg. Prosjektet vil bli svært viktig for Nord universitet si satsing på både hav og helse. Bygget vil sette universitetet i stand til å styrkje den marine og helsevitskaplege kompetansen i heile Nord-Noreg.

Nybygg og ombygging

Det er Kunnskapsdepartementet som har gitt Statsbygg i oppdrag å utarbeide eit forprosjekt for Blått bygg.

Bakgrunnen for oppdraget er at dagens lokale ved Nord universitet ikkje er store nok. Dei er heller ikkje tilpassa dagens krav til funksjonalitet og standard for å kunne drive undervisning og forsking på høgt internasjonalt nivå.

Oppdraget omfattar eit nybygg for fakultet for biovitskap og akvakultur med eit nettoareal på 5000 kvm, og ei ombygging av eit frigjort bruttoareal på 1680 kvm for fakultet for sjukepleie og helsevitskap.

Kontraktssummen er på 315 millionar kroner, eks moms.

Blir utvikla fram mot sommaren

Arbeidet med å utvikle vinnarforslaget til eit ferdig forprosjekt vil gå føre seg fram til sommaren. Byggestart avheng av at Stortinget løyver midlar til dette over statsbudsjettet.

Kontraktsforma for prosjektet er totalentreprise med løysingsforslag. I det ligg det at HENT AS både teiknar korleis prosjektet kan sjå ut og foreslår korleis det kan byggast. Dei vil då også stå for bygginga av prosjektet, føresett stortingsløyving.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring