Foto: Ken Opprann
Publisert: 26.05.2021 

Det grøne Nasjonalmuseet

Statsbygg har lykkast med store utsleppskutt under bygginga av det nye Nasjonalmuseet, fastslår den ferske klimagassrapporten frå byggprosjektet.

Då bygginga av det nye Nasjonalmuseet starta i 2014, var det med høge ambisjonar for klima og miljø.

Museet var blant anna eit av dei første forbildeprosjekta i samarbeidsprogrammet FutureBuilt. Her forpliktar ein seg til å redusere klimagassutsleppa med 50 prosent sett opp mot samanliknbare byggeprosjekt der det ikkje er stilt særskilte miljøkrav.

Samtidig som mange av dei viktigaste kunstverka i landet for tida blir flytte inn i sin nye heim på Vestbanen, ligg no klimagassrapporten frå byggeprosjektet føre. Den viser at Statsbygg har redusert klimagassutsleppa under bygginga av det nye Nasjonalmuseet med 47,6 prosent.

– I dette tilfellet har vi fått veldig mykje ut av nesten å nå eit mål. Det nye Nasjonalmuseet var det første store prosjektet i Statsbygg med eit tydeleg krav til reduksjon av klimagassutsleppa. Både vi og resten av bransjen har lært enormt mykje under bygginga. Det gjer oss i stand til å sette klimaambisjonane våre langt høgare i dag enn for sju år sidan, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

Blir varma opp av fjorden

I den nye klimagassrapporten reknar ein utslepp frå transport, produksjon av materiale og det ferdige museet sin energiforbruk inn i den totale rekneskapen.

Eit av måla for det nye Nasjonalmuseet, var at det skulle bruke så lite energi at det kunne reknast som eit passivhus. Museet var eit av dei første Statsbygg-prosjekta med krav om dette.

Rapporten viser at museet held passivhusnivå på så godt som alle område. Eit sentralt bidrag til å halde energiforbruket for bygningen så låg som mogleg, er museet sitt varmepumpeanlegg, som bruker sjøvatn frå fjorden til oppvarming og kjøling.

– Det nye Nasjonalmuseet er bygt for å vare. Det skal romme våre fremste kunstskattar, og det har gitt oss viktig klimakunnskap til komande byggeprosjekt, seier Harald Nikolaisen.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring