Helgesen Tekniske Bygg har signert kontrakt med Bremnes Fryseri i samband med oppføring av nytt kontor- og kjølebygg i Kvednavikjo i Bømlo kommune. Illustrasjon: Sindre Habbestad
Publisert: 12.04.2022 

Bygger nytt kontor- og kjølebygg på Bømlo

Helgesen Tekniske Bygg, eit dotterselskap i AF Gruppen, har signert kontrakt med Bremnes Fryseri i samband med oppføring av nytt kontor- og kjølebygg i Kvednavikjo i Bømlo kommune.

Kontrakten er ein totalentreprise med ein verdi på om lag MNOK 120 ekskl. mva.

Bremnes Fryseri skal utvida kapasiteten med eit nytt tilbygg i tilknyting til eksisterande bygg, ved Bremnes Seashore sine fabrikkar og hovudkontor på Bømlo. Prosjektet består av fryseri, kjøl, lagerareal og eit nytt moderne kontorbygg i 3 etasjar.

Total bygningsmasse er på om lag 6.000 m2.

Byggjearbeidet startar i andre kvartal 2022 med planlagt ferdiggjering i tredje kvartal 2023.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring