Miljørådgiver i Sogn og Fjordane

 

Vil du bli med i eit av dei største miljøfaglege rådgjevarnettverka i landet?

Norconsult er den største rådgjevaren i Norge innanfor plan, arkitektur, landskap og samferdsel, og dekkar alle fagområda som er naudsynte for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette anlegg, frå idé til realisering.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Florø, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med omlag 90 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Norconsult er leiande på miljøkompetanse i Norge og har over 100 personar som arbeider fast med ulike miljørelaterte problemstillingar innan fagområde som forureina grunn, miljøovervaking, marint miljø, hydrogeologi, miljøgeologi, miljøkjemi, miljø i bygg, miljøoppfølging og miljøstyring. I tillegg forbetrar vi dagleg vår eigen kompetanse innan berekraft i prosjekt gjennom våre interne grøne rettleiarar og berekraftskoordinatorar. Vi har fagkompetanse på fleire kontor i Norge og utlandet, og samarbeider tett i fagnettverk beståande av høgt kvalifiserte miljøfaglege rådgivarar.

Vi ønskjer å styrke oss med fleire miljørådgjevar i Sogn og Fjordane. Spesielt ser vi etter kandidatar som har utdanning innan miljø- og ressursfag, miljøforvaltning, hydrogeologi, toksikologi, marinbiologi, eller liknande miljøretta fag, samt erfaring innan fagområda forureina grunn, vassmiljø (økologisk og kjemisk tilstand), marint naturmangfald, miljøoppfølging i bygge- og anleggsprosjekt. I tillegg er vi også interessert i kandidatar med kunnskap innan modelleringsverktøy, BREEAM, klimagassutrekningar, LCA og berekraft (f.eks. berekraftig massehandtering eller EUs taksonomi).

Vi ser etter deg som har interesse i å bidra til at Norconsults ivaretek miljøet på ein god måte i oppdraga våre. Du vil jobbe i tett samarbeid med vårt faglege landsdekkande fagnettverk, der vi utvekslar fagleg kunnskap, arbeidsmetodar og verktøy på tvers av kontor i organisasjonen. Som kompetansedelingstiltak vert det mellom anna arrangert fagseminar og Teams-konferansar om utvalde tema. Vi har varierte oppgåver, og gode karrieremoglegheiter innan faget.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei erfaring.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår:  https://www.norconsult.no/radgiverne/

Vil du vite meir om kva moglegheiter du har med nokon års erfaring i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/

 

Dine kvalifikasjonar:

Dine arbeidsoppgåver kan vere:

For oss er det viktig at du:

Hos oss får du:

 

Innsending av søknad:

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du ønskjer.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 7 200 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

Logg inn