Illustrasjon: Johanne Svendsen Helvik og Elise Gunnes Buan
Publisert: 04.05.2022 

Statsbyggs studentpris til ungdomsvennleg by

Med medverking frå ungdom blir ein fabrikk, eit sjøbad og eit torg til gode møteplassar i oppgåva som blir tildelt Statsbyggs studentpris innan landskapsarkitektur.

– Oppgåva tek for seg ungdommen sin plass i bybildet på ein svært aktuell måte. Vi ser at einsemd blant unge aukar og at lite fysisk aktivitet er ei utfordring. Dei seinaste åra har òg vist oss kor viktig det er å ta i bruk uteromma som sosiale møteplassar, ikkje minst for ungdom, seier seniorarkitekt og juryleiar Else Bingen Sande i Statsbygg.

Statsbygg sin pris for beste masteroppgåve i landskapsarkitektur frå Noregs Miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) er blitt delt ut kvart år sidan 2012. Prisen sitt formål er å stimulere til eksperimentelle og nyskapande studium innan landskapsarkitektfaget.

I oppgåva «Ungdommens byplan for Moss» tek vinnarane Johanne Svendsen Helvik og Elise Gunnes Buan for seg byens sentrumsområde. Etter ein medverkingsprosess med tre vidaregåandeklasser, ein idédugnad og ei kartlegging av bystrukturen har dei utarbeidd moglegheitsplanar for tre byrom. Oppgåva viser korleis desse romma kan inngå i eit nettverk av byrom og aktivitetar for ungdom i Moss i sentrum.

– Oppgåva er viktig fordi ungdom er ei gruppe som ofte ikkje tek del i medverkingsprosessar. Her har studentane gjennomført eit imponerande stykke arbeid. Medverkingsprosessen er flott dokumentert, og metodikken kan overførast til andre byutviklingsprosjekt, seier Else Bingen Sande.

Fabrikk, sjøbad og torg

Eit av dei tre byromma oppgåva tek for seg, er Fleischerparken, der det nyleg ble bygd eit nytt stupetårn langs hamnepromenaden. Her blir moglegheitene for å utvikle området til eit sjøbad utforska. Litt lenger bort ser oppgåva for seg at ein tidlegare fabrikk langs Mosseelva kan bli ungdommens nye bystove med urban dyrking og kajakkutleige.

Oppgåva tek òg for seg områda rundt kjøpesenteret Amfi, som i dag pregast av store parkeringsareal. Nedre Torg ligg i dag på taket til ein parkeringskjellar og lokale butikkar. Ved å skape eit grønare område der butikkfasadane opnast opp kan dette bli eit fleksibelt bytorg der ungdommar både kan arrangere marknadsdagar og utstillingar.

Byplanen omfattar ikkje berre reint fysiske tiltak, men òg tiltak for betre informasjonsflyt og meir byliv, som for eksempel app og lånekort for utstyr og aktivitetar og dessutan vekeplanar med aktivitetar i byromma.

– Alt dette gjer oppgåva ikkje berre heilskapleg, men òg nyskapande innan faget. Oppgåva er i tillegg svært fint presentert med ein logisk struktur, god lesbarheit og flotte illustrasjonar, seier Else Bingen Sande.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring