Foto: Thomas Dretvik/Norsk Polarinstitutt
Publisert: 01.08.2022 

Anbefaler ny forskningsstasjon i Antarktis

Den norske forskingsstasjonen Troll er i dårleg stand. Statsbygg anbefaler at det blir bygd ein ny stasjon med betre areal til forsking og fornybar energi.

– Forskinga ved Troll bidreg til kunnskap som er viktig for å forstå globale klima- og miljøutfordringar. Han er òg sentral for det norske nærværet i området. Eit godt bygg vil legge til rette for at oppgåvene kan gjennomførast med ønskeleg omfang og kvalitet, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

I 2020 gjennomførte Statsbygg ei synfaring som viste at Troll forskingsstasjon er i dårleg stand. På bakgrunn av denne og ein etterfølgande mogelegheitsstudie gav Klima- og miljødepartementet i fjor Statsbygg i oppdrag å gjennomføre ein konseptvalutgreiing for stasjonen.

No har Statsbygg konkludert med kva som bør gjerast og overlevert utgreiinga til departementet.

– Det er behov for å utbetre tilstanden til Troll, auke kapasiteten til forsking og gjere energiforsyninga meir miljøvennleg. Statsbygg anbefaler å erstatte dagens spreidde bygningsmasse med eit nybygg med gode areal til forsking og plass til fleire forskarar, seier Harald Nikolaisen.

To anbefalte alternativ

I utgreiinga har Statsbygg vurdert fire konsept. Det første er eit minimumskonsept. Det andre konseptet inneber å rehabilitere dagens bygningsmasse i kombinasjon med eit nybygg som legg til rette for 100 brukarar, mot 50 i dag.

Det tredje og fjerde konseptet er nybygg av to ulike størrelsar: eit som kan huse 100 personar og eit som kan huse 65. Alle alternativa omfattar ein ny energiløysing som tek i bruk sol- og vindkraft. Dette halverer klimagassutslepp og lokal luftureining samanlikna med vidareføring av dagens reine dieselbasert løysing.

Statsbygg anbefaler ikkje minimumskonseptet fordi det ikkje møter behovet for gode fasilitetar for forsking. Rehabiliteringskonseptet anbefalast heller ikkje, ettersom den krevjande logistikken gjer rehabilitering meir ressurskrevjande enn å bygge nytt i Antarktis.

Statsbygg rangerer dei to nybyggkonsepta likt. Kva for eit som er mest lønnsamt avheng av Noregs politiske ambisjonar for forsking og nærvær i Antarktis.

Komplekst prosjekt

Troll ligg omtrent så langt unna Noregs fastland som det er mogleg å komme. Den isolerte plasseringa og det harde klimaet gjer prosjektet komplekst.

Byggematerialane planleggast prøvemontert i Europa før dei blir transporterte sjøvegen til Dronning Maud Land via Cape Town. Frå iskanten må materiell fraktast 230 kilometer over isen i beltegåande køyretøy.

Konseptvalutgreiinga skal nå gjennom ekstern kvalitetssikring før Klima- og miljødepartementet avgjer kva konsept som skal fremjast for konseptval i regjering.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Fremtidens Byggenæring